- Project Runeberg -  Jesus Messias /
99

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

brevi segjer han eit Ord som peikar paa den
Leid. Ikkje Paulus heller nemner Neitingi;
og han var daa ikkje kritiklaus mot dei
„ov-store Apostlane", og minst mot „Kefas" (smf.
Gal. 2: 11 —14). Det vilde og i seg sjølv vera
forunderlegt um „Petrus", „Berge“, kunde ha
lati slikt koma yvi seg, og det berre eit Par
Timar etter at Jesus so serskilt ty deleg hadde
vara honom aat. Men at Sankt Peter hev teki
til aa liva i Folkesegni alt fyrr dei
nytestament-lege Tekstane var fastslegne, det kann me
sjaa av andre Ting med, soleis av
Underverk-Sogune i Apostelgjerningar. Og at han, som
var den fysste, hadde falli so djupt, og det i
den Stundi daa det galdt mest, den Tanken
hev Kyrkjefolke lika; Neitingi er etter
Apostel-tidi komi inn i alle Sogune.

*



Rettsbøkar vart ikkje førde i den Tid. Og
ingin av Sveinane fylgde Jesus paa hans siste
Gang; um Peter hev vori so langt som inn i
Garden hjaa Øvstepresten, so synest han ikkje
ha vori der lengi. Det er vel einkvar av dei
mindre kjende Jesus-Venine, ein Josef fraa
Arimatæa, eller ein Nikodemus, som hev fylgt
han paa Lidingsdagen so godt som det lét seg
gjera; og av det som denne sidan hev fortalt
maa daa Lidingssogo ha bygt seg. Hjaa Mar-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free