- Project Runeberg -  Jesus Messias /
100

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kus (14: 53 — 15: 37) finn me ho stuttast
og greidast; hev dei andre noko meir stundom,
so hover Vitnemaali deira ikkje ihop.

Etter Johannesboki (18: 19 flg.) vert Jesus
hjaa Øvstepresten spurd um sine Læresveinar
og si Lære. Jesus viser til deim som hev
høyrt hans Forkynning; at han hev lært
Svei-nane aa haide og gjera alt det som dei
skriftlærde og Farisæarane segjer dei skal haide
(Mt. 23: 2, 3) vert ingin Stad nemnt. Det
einaste som kjem greidt fram er det som Jesus
sjølv (hjaa dei tri fysste) vitnar: at han held
seg for Messias1. Øvstepresten riv sine Klæde
sund og talar um Gudsspott; ein Galilæar som
gav seg ut for Guds utvalde, han maatte vera
Spottar, hev dei i Jerusalem meint. Men denne
Spottingi vil Raadsherrar og Farisæarar gjera
seg Nytte av. Jesus vert førd til den romværske
Landshövdingen; sjølve hadde Jødane i den
Tid „ikkje Lov til aa avlive nokon“ (Joh.
18: 31).

Etter Lukas inneheldt Klaga mot Jesus tvo
Lygnir og ei Halvsanning: „denne forvender
Folke og forbyd aa gjeva Keisaren Skatt, og

1 Etter Johannesboki kjem ikkje Messias-Spursmaale
fram fyrr hjaa Pilatus; Spotteorde „Jøde-Kongen“ er uppe
der, og Jesus kaliar seg Konge, men ein „Konge som
vitnar for Sanningi“ (Profet hadde vori det rette
israelitiske Orde her).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0110.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free