- Project Runeberg -  Jesus Messias /
101

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

segjer han er Messias, ein Konge1." Dei var
keisarvenlege i Dag; heller ein Keisar fraa
Rom enn ein Konge fraa Nasaret! Pilatus
skynar, at Saki heng ihop med serjødiske
Tviste-maal og vil nauveleg hava noko med ho; helst
hadde han vel vist ho fraa seg, som
Etterman-nen hans gjorde i eit anna sovori Tilfelle (Apg.
25: 9—21; 26:30—32). Men berre reint Mjøl
hev vel Pilatus ikkje havt i sin eigin Sekk
(smf. Lk. 13: 1), og eit Klagemaal til Keisaren
i ei Sak som vedkom ein „Israels-Konge"
kunde daa vera spelegt; nokon sterk Mann
hev Pilatus ikkje vori. Han freistar aa blidke
dei upp-arga Jødane, og forhøyrer Jesus. Men
Jesus „svarar honom ikkje eit einaste Ord“,
liksom han tegjer til sjølve Klagemaali (Mt.
27: 12, 14; Tanken er vel fraa Es. 53: 7).
Pilatus kjem ingin Veg; og snart vaknar Rope
paa Krossfesting. Kvar den Tanken er komin
ifraa vert ingin Stad nemnt. Det skulde ikkje
vera nokon levitisk Tanke; Krossfestingi var
ein Villmanns-skikk innkomin fraa Afrika, Pining
og Avliving i eitt, noko med det fælaste som
Menneskjedyre nokon Gong hev funni paa.
Men det som er visst er, at Prestane hev funni
seg i Krossfestingsrope.

1 Det um Skatten kann ein ingin Stad sjaa hev vori
framme hjaa Øvstepresten; det er vel noko dei hev tenkt
ut paa Vegen til Domhuse. (Samfør elles Sogo um
Skattepeningen Mt. 22: 15.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free