- Project Runeberg -  Jesus Messias /
102

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Pilatus var Romar. Med all den
Villmann-skap som jamvel Kulturmennar kann koma
inn-paa, naar dei er Eineherrar millom verjelause
Framande — Europa hev sine Røynslur um
slikt fraa Afrika o. a. St. jamvel i vaar kristne
Tid —, hev han havt lite Hug til aa vera med
desse Judæa-Barbarane paa eit tydelegt
Retts-mord. Han strider imot i det lengste; freistar
med Skjemt og Spotte-Ord, og daa det ikkje
nyttar, med verre Ting: piner Fangen, læt ’n
hudflengje, klungerkrune o. m. (Johannesboki
hev mest um dette, og Segnine hev vel vaksi
etterkvart); ved aa pine ein Fange so lengi og so
hardt at Medkjensla hjaa Folke kom upp kunde
ein Domar stundom berge Live hans; men det
er alt faafengt. Pilatus hev denne Gongen med
Folk aa gjera som strider for Guds Sak;
Krossfestingsrope veks; etter Johannesboki vert
Pilatus beint ut truga med Keisaren; Enden er
at han „yvigjev Jesus til aa verte krossfest".

Paa Golgata vert Krossen reist, med
Klage-maale øvst: „Jødekongen." Hjaa Johannes er
det Pilatus sjølv som siær Innskrifti upp; men
Pilatus hev visst ikkje vori med og set paa
denne Ugjerningi som han paa ein so
stakkars-leg Maate hadde lati seg tvinge til aa gjera seg
medskyldig i.

Jesus vert krossfest „midt imillom tvo andre";
desse tvo er hjaa Lukas „Illgjerningsmennar",

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free