- Project Runeberg -  Jesus Messias /
103

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hjaa dei tvo fysste „Røvarar"; Markus nemner
det Profetorde som vel i det heile hev skapt
deim. I utruleg Villskap gjeng Prestar, Eldste,
Skriftlærde og anna godt Folk ikring og spottar
den rettlaust dømde som heng der og døyr.
Jamvel Røvarane spottar. Det er vel eit
full-godt Vitnemaal um at dei er Segn; den spotta
visst ikkje lenger som paa Krossen var komin.

Etter dei tvo fysste er der ikkje andre av
Jesu Kjenningar med paa Golgata enn nokre
Kvende som hadde fylgt han fraa Galilæa;
desse stend „langt ifraa og ser paa“. Lukas
nemner dertil „Kjenningane hans“, men ingin
av Sveinane. Johannesboki læt den Sveinen
„som Jesus elska“ stande saman med Maria
fraa Nasaret ved sjølve Krossen, so Jesus kunde
tala til deim; dette veit ingin av dei andre um;
Jesu Mor vert ikkje nemnd sidan i
Johannesboki heller.

Etter alle Sogune hev Jesus tala paa
Krossen. Hjaa dei tvo fysste talar han ein Gong;
med eit Ord fraa den 22de Davidssalmen segjer
han: „min Gud, min Gud, kvi hev du forlati
meg?“ Hadde Mattæus og Markus meint at
Jesus sjølv var Gud, hadde dei vel ikkje valt
nettupp det Orde. Hjaa Lukas talar Jesus tri
Gongir. Fysst bed han for Fiendane sine (smf.
Es. 53: 12); so talar han til den Røvaren som
(hjaa Lukas) ikkje spottar (etter dette Orde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free