- Project Runeberg -  Jesus Messias /
104

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skal Jesus „idag vera i Paradis"); sistpaa segjer
han: „Fader, i dine Hender yvigjev eg min
Ånde" (smf. Salm. 31: 6); han hev ingin Draum
um, at han enno i 40 Dagar skal vera paa
Jordi (Apg. 1: 3). Johannesboki hev fire Ord.
Dei tvo fysste gjeld Læresveinen Johannes (som
denne Sogo held serleg fram, til eit Vitnemaal
um at han ikkje sjølv kann vera Upphave
til ho som ho no er); tridje Orde, „eg er tyrst",
er vel innkomi etter Salm 69: 22 (smf. Mt. 27:
48); sistpaa segjer Jesus: „det er fullenda";
han synest ikkje hugse Faderen i si siste Stund.
Av alle dei 7 eller 8 „Ordi paa Krossen" er
der berre eitt som finst i so mykje som tvo
av Sogune (Mt. 27: 46 og Mk. 15: 34).

Ingin Stad i den fire Gongir fortalde
Li-dingssogo finst der noko um at Jesus døyr „for
oss", eller „til Soning for Syndi". Han gjeng
burt „etter det Orde som er skrivi um honom"
(Mt. 26: 24; Mk. 14: 21); etter det som er
fyriskipa" Lk. 22: 22; smf. Apg. 2: 23 (det er
vel Es. 53: 8 som er tenkt paa hjaa dei tri
fysste); av di han „hev fuliført den Gjerningi
som Faderen hev gjevi. honom aa gjera" (Joh.
17: 4); meir hev ikkje Jesus-Sogune aa segja
i Saki. Jesu eigi Meining um Krossfestingi
ser me av det han sagde til Draapsmennane
sine (Lk. 22: 53): „dette er dekons Time og
den Magti som Myrkre eig." —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free