- Project Runeberg -  Jesus Messias /
105

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Midt under Rettsmorde paa Langfredag
held Jødane seg strengt til Lovi. Dei gjeng
ikkje inn i Domhuse, „so dei ikkje skulde verte
ureine til Paaskemaaltidi" (Joh. 18: 28); og
daa det lid mod Paaskemaals Bil, vil dei (etter
Johannesboki) hava Beini brotne paa dei
kross-feste, so Kroppane ikkje skal verte hangande
Helgi yvi; „for denne Kviledagen var stor".
Men Jesus er alt daud; og hans Bein vert
ikkje brotne, — „so Skrifti skulde verte
uppfyllt: der skal ikkje verte broti Bein paa
honom1". Denne Beinbrjotingi kjenner ingin av
dei andre til.

Josef fraa Arimatæa vert fysste og siste
Gongen nemnd i Sogo um Jesu Gravleggjing.
Han er „ein god og rettferdig Mann" (Lk. 23:
50), som „ventar paa Gudsrike“ (Mk. 15: 43);
etter Mattæus (27: 57) og Johannes er han
jamvel Læresvein, men „løynleg av Otte for
Jødane" (Joh. 19: 38). Han (og etter Joh.
19: 39 Nikodemus) fær Like nedteki og
gravlagt. Det vert lagt i ei ny Grav (Mt.; Lk.;
Joh.) som var uthoggi i Berge (Mt.; Mk.; Lk.)
i ein Hage nære ved (Joh.); for det var
Til-reidingsdagen mod Kvelden. At Gravi høyrde
Josef sjølv til er Mattæus aaleine um.

1 Det einaste Skrift-Orde Kyrkjebibelen her veit aa
vise til er 2 Mos. 12: 46, som forbyd Israelsborni aa
brjote Bein paa Paaskelambe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free