Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han er og aaleine um det at Øvsteprestar
og Farisæingar fekk sett Vakt ved Gravi, so
Sveinane ikkje skulde „stela honom burt og
segja han var uppstadin“; like eins er han
aaleine um at Øvsteprestar og Eldste etter
Uppstodo freista aa faa sett ut eit Ord um at
Sveinane likevel hadde stoli Like. Men so
tidleg hev ingin tenkt paa Uppstodo; det ser me
av det som vert fortalt um Maria Magdalena
og Sveinane (Mt. 28: 1; Mk. 16:1 —3, 11; Lk. 24:
1—4, 11; Joh. 20: 1 flg.) Sundagsmorgonen
etter. Men at Mistankar er komne upp mot
Sveinane sidan, daa Uppstodo vart forkynt og
trudd, det er ikkje urimelegt; og det Orde som
etter Mattæus (28: 15) kom ut millom Jødane
um dette hev daa etterkvart skapt dei Sogune
me no les i Mt. 27: 62—66 og 28: 12—15.—
— Men Jesus fraa Nasaret var vortin Frelsar
for Folke sitt trass i alt: ved honom hev Israel
fengi ævelegt Liv i Heimssogo.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>