- Project Runeberg -  Jesus Messias /
107

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Maria Magdalena, og etter dei tri fysste eit
eller fleire andre av dei Kvendi som
hadde fylgt Jesus fraa Galilæa, kjem tidleg
Fysstedags (Sundags) Morgonen og vil „sjaa til
Gravi“ (Mt. 28: 1); vil „salve honom" (Mk.
16: 1), eller „kjem med angande Urtir" (Lk.
24: 1); dei veit inkje um at Jesus skal stande
upp. I det heile veit ingin um dette; og endaa
skal Jesus etter dei tri fysste fleire Gongir ha
spaatt um det (Mt. 16: 21; 17: 22; 20: 19;
Mk. 9: 9; 8: 31; 10: 34; Lk. 9: 22, 44; 18:
31—331).

Um det som gjekk for seg Sundags
Morgonen er Sogone ikkje samsvarande.

Etter Mattæus var det ein „stor Jordskjelv".
Og „Herrens Engel" steig ned og velte Steinen
fraa Gravi og sette seg paa ’n; og til Kvendi
(tvo i Tale) segjer denne Engelen um Jesus:

1 Johannesboki hev berre ein Spaadom um Uppstödo
(2: 19), og den er uklaar som Spaadomar skal vera, so
den kunde Sveinane ha høyrt og ikkje skyna.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free