- Project Runeberg -  Jesus Messias /
108

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han er uppstadin; han gjeng fyri dekon til
Ga-lilæa. Kvendi gjeng, ottefulle og glade; møter
so Jesus, som tek upp att det Engelen hev sagt;
nokon Stad i Galilæa der dei skal finne ’n
nemner ikkje han heller. Dei elleve gjeng til
Galilæa, „til det Berge som Jesus hadde
fyri-sagt deim"1; „og daa dei saag honom, tilbad
dei honom; men sume tvila“ (28: 17). Jesus
gjev deim Fyrisegnir um Daapen i Ord som
er fraa sein Tid2; dermed ender Mattæusboki.

Hjaa Markus (16: 1 flg.) er Steinen
burt-velt, daa Kvendi (tri i Tale) kjem; det er ikkje
nemnt nokon Jordskjelv. Inne i Gravi ser
Kvendi „ein ung Mann i kvit Klædnad"; han
segjer det Engelen sagde hjaa Mattæus (og
nemner dertil Peter; Markus var Peter-Svein).
Kvendi flyr i Otte fraa Gravi og „sagde ingin
noko; for dei var rædde" (V. 8). Ei ny Sogu
tek til V. 9: Jesus viser seg for Maria
Magdalena aaleine, men segjer ikkje noko; ho
kunn-gjer (trass V. 8) Syni for Sveinane; desse „trur
det ikkje"; det som Jesus skal ha sagt deim
um Galilæa-Møte veit dei inkje um. Endaa ei
ny Sogu, V. 12—13, fortél, at tvo Sveinar hev

1 Bibelutgjevarane viser til Mt. 26: 32; men der er
inkje Berg nemnt.

2 Apostelgjerningar kjenner til ein Daap iJesuNamn;
men Mt. 28: 19 talar um ein Daap i Namne til Faderen,
Sonen og den heilage Ånde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0118.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free