- Project Runeberg -  Jesus Messias /
109

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

set den uppstadne („i ein annan Skapnad“)
paa ein Veg; ikkje desse heller vert trudde.
So kjem i V. 14 den fysste Sogo um at alle
11 fær sjaa Jesus; sidan er ikkje Galilæamøte
nemnt. Jesus „lasta deim for deira Vantru og
hårde Hjarto, at dei ikkje hadde trutt deim
som hadde set honom uppstadin"; so sender
han deim ut „i all Verdi“ til aa „forkynne
Evangelie for all Skapningen", og segjer Ord
fraa ei seinare Tid um Tru, Daap, Fordøming.
Fleire og fleire Sogur, fraa seinare og seinare
Tid, er her sette laust innaat kvarandre
etterkvart som dei hev vorti aalment trudde.

Hjaa Lukas (24: 1 flg.), der fleire Kvende
er med ved Gravi (V. 10), er like eins Steinen
burtvelt. Tvo „Mennar i skinande Klæde" segjer
fraa um Uppstödo; Jesus viser seg ikkje. Noko
Møte i Galilæa vert ikkje nemnt; Jesus skal
i Galilæa berre ha spaatt um Uppstödo. Og
Kvendi »kom Ordi hans i Flug“. Men
Svei-nane kjem ikkje i Hug desse merkelege Ordi.
Og dei trur ikkje det Kvendi fortél. Det um
Uppstödo „tykkest deim vera laus Tale"; ikkje
hjaa Lukas heller hev Sveinane høyrt Jesus
spaa um Uppstödo si. Men Peter „stod upp
og sprang til Gravi"; der ser han Linklædi.
Desse vert nemnde her, til Trygd, vel, mot
den Tanken som etterkvart vil vera komin upp
(og som vel hev fengi inn det vesle Orde „si"

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free