- Project Runeberg -  Jesus Messias /
110

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Mt. 27: 60): at Josef fraa Arimatæa hev
flutt Like1.

Meir enn Lik-Klædi ser Peter ikkje; og
han „gjekk heim atter og undra seg yvi det
som hadde hendt“. Sogo fraa Markusboki um
dei tvo Sveinane paa Vegen kjem her att noko
meir utførd (Emmaus-Møte); her syner Jesus seg
fysste Gongen hjaa Lukas (som ikkje læt
Maria Magdalena hava noko Syn ved Gravi). Daa
dei tvo Sveinane kjem og fortél um Møte sitt
med „Herren" til dei elleve, er desse og komne
til Trui; korleis dette hev gjengi til er ikkje
fortalt. Men dei vitnar med heil Hug: „Her-

ren er visseleg uppstadin, og er sedd av Simon."
Dette at Peter skal ha set den uppstadne er
hjaa Lukas ikkje fortalt; det maa daa seinare
vera innført fraa 1 Kor. 15: 5, der Paulus
hev „mot-teki" det. Sogo fraa Emmaus vert
med ein Gong trudd hjaa Lukas (smf. Mk.
16: 13). Og trast etter „stod Jesus sjølv midt
imillom deim"; og daa dei „endaa ikkje trudde
for Giede" (V. 41; „dei trudde dei saag ein

1 Josef var fraa „den jødiske By Arimatæa" (Lk. 23:
51) og ikkje fraa Jerusalem; i alle Tilfelle var han ein
velvyrd Mann (etter Mk. og Lk. jamvel „Raadsherre"
eller „Raadsmann") og hev ikkje havt Gravir for seg og
sine paa ein Rettarstad. Men Fredags Kveldingi hev det
ikkje vori Tid til aa. føre Like til den rette Gravstaden;
han hev lagt det inn i ei Grav han hev funni tom, og
ført det burt straks den strengaste Helgi var til Endes.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0120.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free