- Project Runeberg -  Jesus Messias /
111

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ande", V. 37), so ét han „eit Stykke steikt
Fisk og ei Honningkake for Augo paa deim".
Syne legg i stutte Ord fram Pauluslæra um
Lidingi og Uppstödo og Forlating for Syndine
„i hans Namn“ — det stend „hans" og ikkje
„mitt" —; og byd deim vera stille i Jerusalem
til dess dei „vert iklædde Kraft fraa det høge".

Sogune um Uppstödo hev vaksi etterkvart;
Johannesboki hev dei fleste. Og det endaa
Jesus hjaa Johannes (13: 31 — 16: 33) tok so
serskilt vel Avskil med Sveinane fyri Lidingi,
og ikkje nemnde eit Ord um aa stande upp.

I Johannesboki kjem Maria Magdalena til
Gravi „medan det endaa var myrkt"; ho er
her aaleine. Korkje Englar eller kvitklædde
Mennar vert nemnde; men Steinen er „tekin
burt ifraa Gravi". Det Jesus skal ha spaatt um
Uppstödo hev Maria ikkje meir Fyrisviv um
her enn hjaa dei andre; ho spring til Peter
(og til „den Læresveinen som Jesus elska")
og segjer at „dei hev teki Herren burt fraa
Gravi, og me (?) veit ikkje kvar dei hev lagt
honom". Dei tvo Sveinane gjeng daa til Gravi;
„den andre" kjem fysst, og ser fysst Linklædi;
Jesus viser seg ikkje. Peter gjeng inn i Gravi
(her fær han vera fysst); i Gravi ser han
Linklædi, som det her vert lagt serskilt vel Merke
til; Soguskrivaren (eller -Rettaren) fortél endaa at
Sveiteduken „laag burtsveipt ein Stad for seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free