- Project Runeberg -  Jesus Messias /
112

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

sjølv“ ; han hev ikkje komi til aa tenkje paa
kor rart det maatte sjaa ut, at den uppstadne
skulde ha gjort seg so mykje fyri med
Lik-Klædi. „Den andre" kjem sist inn i Gravi;
men han er den fysste som „saag og trudde"
(kva han saag og kva han trudde er ikkje nemnt);
„for", legg Forteljaren til med sin serskilde
Provføringskunst, “dei skyna endaa ikkje Skrifti,
at han skulde stande upp fraa dei daude".
Berre Skrifti vert her nemnt, og ikkje det som
Jesus skal ha „sagt i Galilæa"; nokor
Tilvis-ning til det gamle Testamente um Uppstodo
hev Kyrkjebibelen ikkje.

Læresveinane gjeng. Men Maria
Magdalena glytter inn i Gravi og ser der „tvo
Eng-lar i kvite Klæde", som maa vera komne nett
som Sveinane gjekk ut or Gravi. Desse
Eng-lane hev elles ikkje stort aa gjera. Dei spyrr
kvi ho græt; daa ho hev svara paa det, snur
ho seg og ser ein som ho tek for Hagemeistaren;
og Englane vert ikkje nemnde meir. Den
mis-kjende Hagemeistaren segjer upp att det som
Englane hev sagt og legg til: kven leitar du
etter? Ho svarar paa det; han segjer „Maria";
daa „vende ho seg og sagde til honom: Rab-

bunildet er utlagt Meistar." Meistaren forbyd
henne aa røre ved seg (motsett Lk. 24: 39 og
Joh. 20: 27), og gjev for dette ein merkeleg
Grunn: „eg er enno ikkje farin upp til Fader

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free