- Project Runeberg -  Jesus Messias /
114

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skilt heilag Tid fraa Gamletestamente) og talar
med Sveinane „um det som høyrer til Guds
Rike"; noko nytt synest han elles ikkje hava
sagt. Det siste Vitne um Uppstödo er Paulus,
som etter 1 Kor. 15: 4—6 hev „mot-teki“, at
Jesus er „uppreist tridje Dagen efter Skriftine",
og at han „vart sédd av Kefas“, „deretter av
dei 12“ (11 vel?), so „av meir enn 500 Brørar
paa ein Gong", so „av Jakob, og deretter av
alle Apostlane"; Sogune hadde i det heile ikkje
fest seg enno.

*



At Trui paa Uppstödo kom upp er ikkje
vandt aa skyna.

Etter det alt-umstøytande Golgata-Hende
galdt det bera eller breste for Jesus-Sveinane.
Det galdt den høgste og dyraste Livsens Von,
for deim sjølve, for Folke deira, for
Menne-skja. 1 slike Stundir kann jamvel dei klokaste
koma ut for meir enn dei sidan skynar.

Me maa dertil hugse, at det i dei Tidine
var mindre klaar Skilnad paa mogelegt og
umogelegt enn det for oss er. Naturlovir i
vaar Meining av Orde var ukjende; Magtir
som elska, hata, vilde, ynskte paa Lag som
me, styrde Verdi; galdt det paa, var alt
mogelegt. Naar den øvste Magti baud — og ho
baud naar det i Aalvor turvtest —, var det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free