- Project Runeberg -  Jesus Messias /
115

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje meir utenkjande at ein daud vakna enn
det elles er at ein dvaleslegin eller svevnbundin
kjem til seg att.

Ja det hev for Sveinane vori lettare aa tru
at Messias kunde stande upp fraa dei daude
enn aa tru at han kunde døy. Og her galdt
det meir enn det elles nokon Gong i Verdi
kunde gjelde. Var Jesus daud, so var
Messias-Voni sløkkt; Heidningane vilde traakke Israel
heilt under seg, og med Israel Verdi. Djevelen
vilde ha vunne; Gudsrike var for all Tid øydt.
Men livde Messias trass i Dauden — og naar
det kom til Stykke kunde han ikkje i vanleg
Meining vera daud —; var det so, at Dauden
paa gaatefull Maate høyrde med til
Messias-verke men ikkje kunde haide Messias sjølv
fast, — daa vilde alle Vonir ny-vakne.

Han var ikkje daud; han kunde ikkje vera
daud. Den store Meistaren, som ung og sterk
hadde haldi Kveldverd med deim for eit Par
Dagar sidan, han hev aldri kunna paa vanleg
Maate døy; Uppstödu-Tanken hev vakna fyrr
nokon vaaga aa nemne ’n. Og til Sveinane
er han komin som ei Livsens Redning,
von-brotne og raadlause som dei der gjekk, med
inkje Menneskje1 og knapt lenger nokon Gud

1 Korkje Nikodemus eller Josef fraa Arimatæa er
nemnd i denne Tid.

Josef fraa Arimatæa hev vel, etter som me kann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free