- Project Runeberg -  Jesus Messias /
122

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han opnar Sogo si paa ein Maate som
minner um 1 Mos. 1:1. „I Upphave skapte
Gud Himilen ogjordi", stend det der; „i
Upphave var Orde", og ved Orde „hev alle Ting
vorti til“, byrjar Johannesboki. Etter rabbinsk
Tenkjemaate vil dette segja: Gud, den æveleg
duide, opinberrar seg gjenom sitt Ord, vert
Gud for oss i og ved Orde sitt; „Orde“ hadde
meir og meir vorti ei Opinberringsform for
Gud (ikkje ein serskild „Person"). Samfør
Es. 55: 11; 40: 8; Salm. 119: 89; 147: 15;
Ordspr. 8: 22—36; Job 28: 12—27; Visd. 7:
7—11: 20.

Etter atSkapningi soleis (V. 1—3) er nemnd,
kiem det (V. 4—13) ei kort Utsyn yvi
Mannasogo. I (det skapande) Orde var Liv; og
„Live var Ljose aat Menrjeskjom"1. Men
dette Ljose tok Myrkre i Mannheimen ikkje
imot (V. 4—5). Gud sender daa ein Mann
(Døyparen) som skal „vitne um Ljose". Og

1 Messias var etter Rabbinlæra fysst skapt. Det
verte Ljos! sagde Gud; daa fekk ikkje berre det
naturlege, men og det aandelege Ljose, Menneskjeanden,
Messias, Tilvære (Rydberg S. 51—54). Messias er „den
fysstefødde av mange Brøder" (Rom. 8: 29), „den
fysste-fødde av all Skapning" (Grunnteksti segjer so, trass den
norske Umsetnaden; Kol. 1:15), „Fysstningi av Guds
Skapning" (Opb. 3: 14; Grunnteksti hev arché, som tyder
Upphäv berre i Meiningi Fysstning, det fysste); men
Skapning er han, og Bror til Menneskje, d. e.: Menneskje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free