- Project Runeberg -  Jesus Messias /
123

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so kjem „Ljose" sjølv. „Han kom til sitt
eigi", men „hans eigne tok ikkje imot honom“,
andre enn dei som var „fødde av Gud" (V.
6—13); Logos — sjølvsagt ikkje Skaparorde,
men den skapte „Logos" — „vart Kjøt og
budde imillom oss". Det er den djupaste
aleksandrinske Rabbinarvisdomen som her —
i faae Ord, og dertil paa den uklaare Maaten
som i gamle Dagar og serleg i „Gnosis“-Tidi
galdt for filosofisk — er gjord til Grunnlag for
Læra um Jesus. Naar Kyrkjelyden hev kunna
tru, at slikt som 1: 1—18 (og ymist anna) i
Johannesboki var skrivi av Galilæa-Fiskaren
Johannes, so treng me ingin Lærdom til aa
skyna, at den apostoliske Tidi lyt
Kyrkjelyden den Gongen ha havt eit godt Stykke
attum seg.

Det same kann me og sjaa av andre Ting.
Johannes hadde t. D. ikkje gløymt aa nemne
Jakob, Bror sin, som dertil var ein av „dei
tri". Og det at Anden vert innsett til baade
aa tolke og utfylle Jesu Ord, det er alt ein
heiltupp katolsk Tanke.

Mindre kjend er Bokmeistaren i Jødeland
og enn ventande skulde vera av ein
Jesus-Svein. Han kjenner lite til Folke. Jamvel dei
førande i Folke, Skriftlærde og Farisæingar,
nemner han sjeldan. Han talar helst um

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free