- Project Runeberg -  Jesus Messias /
124

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

,Jødane“, eit Namn som dei andre ikkje hev
uppe utan i Lidingssogo, der Pilatus og
Hér-mennane brukar det helst paa Spott. Og
Bok-meistaren bryr seg lite um „Jødane". Han
synest jamvel vilja gjeva Samaritanane Rom
fyri deim (4: 7—42); det hadde ingin Jøde fraa
Jesu Tid funni paa. (Smf. Mt. 10: 5; Lk. 9:
52, 53). Og Jesus sjølv er i denne Sogo ofte
som han var burtbytt. Hjaa dei tri fysste er
han djup utan Stræv og daa dertil klaar; her
strævar han med aa vera djup og vert helst
uklaar. Hjaa dei tri fysste held han seg til Moses
og Profetane; her talar han um Faderen og
Sonen og kjem med so mykje rabbinsk
Halvfilosofi, at um ein ikkje vil segja som „Jødane"
at han er forgjord („hev Djevelen", stend det
i Grunnteksti 7: 20), so skynar ein Sveinane
stundom, naar dei finn at han fører „hard Tale“
(6: 60). Jamvel naar han gjer Teikn er han
ofte ein annan enn den me kjenner fraa dei
tri; han vil at Folk skal tala um Teikni hans
(9: 3; 11: 4).

Guds Rike er so vidt nemnt, men ikkje
Himilrike. Bergpreika er burtkomi. Og berre
den Moses som hev „skrivi um meg“ talar
Jesus her um (5: 46). Böde um aa elske Gud
vert ikkje nemnt; og Böde um aa elske Næsten,
jamvel sin Fiende, hev vorti til eit “nytt Bod“:
Sveinane skal elske „kvarandre", have Kjærleik

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free