- Project Runeberg -  Jesus Messias /
129

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

segja at det fysste Stige er gjort paa Vegen
til Nikæa.

So lengi dei jødekristne var Magti i
Kyr-kja var elles den Vegen stengd. Og i den
seine og lite læreklaare Tidi daa Johannesboki
kom fram hev ho med alle sine nye Tankar
og Ord vorti vel fagna. Serleg
hevjohannes-Sveinane vori glade i ho, av di ho gjorde
Johannes — som etter deira Meining var for lite
baade kjend og vyrd i mange Kyrkjelag — til
„den Læresveinen som Jesus elska“; og dei
hev haldi ho uppe, um dei so ikkje skyna alt
i ho. Og dei Kyrkjefolki, som var meir eller
mindre tekne av gnostisk-kristelege
Lærestrøym-ingar — det var ikkje faae slike i dei Tidom —
dei hev med Giede set ei Bok som viste
Samhug med Logoslæra, vinne fram under sjølve
Johannes Apostels Namn.

Men dei Paulus-(og Peter-)kristne hev
lika Boki for det Krave paa Tru ho bar fram
so hugheilt. Aldri hadde Trui vori gjort so
heilt ut til Livsvilkaar som i Johannesboki.
Guds Gjerning var ikkje lenger aa haide Bodi;
„Guds Gjerning" var aa „tru paa den som
han sende" (6: 29 o. fl. St.); Jesus krev og Tru
paa seg sjølv (11: 25; 9, 35). Den som trudde
hadde med ein Gong æoniskt Liv og kom ikkje til
Doms; denne Læra vert i Johannesboki lagd Jesus
i Munnen Gong paa Gong (3: 18; 5: 24; 8: 24;

9 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free