- Project Runeberg -  Jesus Messias /
130

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

11: 25 o. fl. St.1), trass i det han held fram
so sterkt um Lovi og Guds Vilje hjaa dei tri
fysste.

Læra um Jesu Gjerning paa Jordi er lite
klaar i Johannesboki. Det ser stundom ut
som Pauluslæra um Frelsa vil fram; Jesus skal
„døy for Folke" (11: 50); han er send til aa
„frelse Verdi" (3: 17; 12: 472); det vert og
sagt at han „set sitt Liv til for Sauine" (um
ein daa kann tala um aa „setja til" eit Liv som
ein „hev Magt til aa taka att"; 10: 11, 18);
sjølve Krossen er paa ein Maate reist (3: 14:
12: 32). Men i 17: 9 hev Johannesboki gløymt
Tanken um aa frelse Verdi; Pauluslæra kunde
ikkje vinne fram i ei Bok der Logos-Tanken
raadde.

_ *

Jesus-Sveinane var ikkje kalia til aa skrive;
i dei Tidom var det ikkje vanlegt at Folk kunde
skrive heller; og græskt Maal hev vel knapt
andre enn Tollmannen Levi (Mattæus) vori
inne i.

1 Sjølve Joh. 5: 29 misser si Meining, naar dei som
trur „ikkje kjem til Doms".

2 I 9: 39 segjer elles Jesus: „til Dom er eg komin

til denne Verdi"; men i 12: 47 er han „ikkje dertil
komin at han skal-døme Verdi; det Orde han hev tala"
er det som paa den ytterste Dagen skal døme deim som
ikkje trur (smf. 8: 24).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free