- Project Runeberg -  Jesus Messias /
131

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men Apostlane fekk snart baade
skrivekun-nige og græskt-kunnige Mennar — Markus,
Lukas o. fl. — med i Lagi sine. Og
Skrive-hjelp hev dei bruka som anna Folk, um dei
so var skriveføre; det ser me hjaa Paulus.
Han hadde lært Skrivekunsti. Men Apostlar
kunde ikkje sitja Tidi si burt med slikt.
Hen-der det ein Gong at Paulus skriv nokre Ord
sistpaa i eit Brev, so nemner han dette som
noko framifraa; „sjaa kor store Bokstaver eg
skriv med til dekon med mi eigi Hand,“ stend
det t. D. i Slutten av Galatarbreve (6: li1).

Me hev Brev berre etter fire av
Jesus-Sveinane. Jakob, Peter ogjudas hev eitt kvar2,
og Johannes tri. Baade Peter og Johannes
viser seg i desse Brevi aa vera sterkt tekne
av dei Synsmaatane som kom upp etter
Gol-gata-Hende; dei skriv um Frelsa, Atterløysningi,
Soningi, Biode som reinsar oss fraa all Synd,

1 Underskrift vart ikkje bruka; Namne paa
Brevskrivaren vart nemnt fysst i Breve, og til Underskrift
vart sett eit Merke (2 Tess. 3: 17). Me hev her ein av
Grunnane til at det ofte er so vandt aa avgjera um eit
Brev i Røyndi er fraa den det hev fengi Namn etter.

2 Det „2dre Peterbreve" kann ikkje vera fraa Peter.
Det fortél t. D. um „Forklaaringi paa Berge“; men den
hev Peter ikkje visst um meir enn Jakob og Johannes.
Hadde han kjent til eit slikt Ovhende, so hadde han
ikkje gløymt aa nemne det, naar han tala til Folke i
Apostelgjerningar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free