- Project Runeberg -  Jesus Messias /
132

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so for den Skuld kunde dei vera
Paulus-Sveinar. Jakob og Judas held seg strengare
til Jesu Tankar (Jakob synest endaa aa arbeide
imot dei nye Lærdomane om Trui; sjaa 2:
8—26); dei hev vel vori noko meir tungnæme,
desse tvo. —

— Paulus (og hans Sveinar) med sine 13
eller 14 Brev — Hebræarbreve høyrer etter
Innhalde fullt so mykje Paulus til som sume
av dei andre — fyller halve Ny testamente.
Det var daa og Paulus som — med noko Hjelp
fraa Johannesboki1 — skulde byggje Kyrkja.

Han var Farisæar og vart so verande (Apg.
24: 14—15; Filip. 3: 5), um han i sitt Syn
paa Moselovi stod kristelegt fri. Jesus hev han
ikkje kjent; og av Apostlane vil han ikkje hava
lært noko. Den Kristindomen han forkynner
hev han fengi „ved Opinberring av Jesus Kristus"
(Gal. 1: 12; smf. 1 Kor. 11: 23; 15: 3; 2
Kor. 12: 1—7; Ef. 3: 3); „mitt Evangelium"
kaliar han det daa au stundom (Rom. 2: 16;
16: 25; 2 Tim. 2: 8; smf. 1 Kor. 15: 1—2).

1 Meistaren for Johannesboki kann ikkje hava kjent
til Pauluslæra. Skilnaden er for stor: i Johannesboki er
Jesu Gjerning fullførd fyri Lidingi (17: 4); hjaa Paulus
er det Lidingi som er Jesu Gjerning. Men Pauluskyrkja
vaks seg so sterk, at sistpaa kunde ho taka med baade
Johannes-Tankane og ymist anna, og vart endaa verande
Pauluskyrkja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free