- Project Runeberg -  Jesus Messias /
133

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Etter Damaskusdagen gjekk han ikkje til
Apostlane i Jerusalem, men til Arabia (Gal. 1:
171); han turvte ikkje tala med Apostlane; han
kjende Messias-Tanken fraa dei skriftlærde.
Hugvendingi hans hev vori den, at han kom
til aa setja Jesus i Samanheng med Es. 53;
daa hev han fata Tanken um ein lidande
Messias, og Jesus hev vorti noko nytt for han.
Til Jerusalem gjekk han ikkje fyrr tri Aar
etter Damaskushende (Gal. 1: 18); og han
vilde ikkje lære noko der; han vilde berre
„verte kjend med Peter". Nokon annan av
Apostlane saag han ikkje i Jerusalem „utan
Jakob, Herrens Broder", fortél hans.

Han vil stande heilt for seg sjølv. Jamvel
Fraasegnir um slikt som dei tolv maatte ha
vori med i, um det var sant — som
Tilski-pingi av Brodermaaltidi (1 Kor. 11: 23) —
„fær" han av „Herren". Lett aa skyna er
ikkje dette; Jesus hev ikkje paa nokon Maate
vist seg misnøgd med dei gamle Sveinane sine.
Snarare synest desse hava Meistaren med seg

1 Apostelgjerningar (som fortél Hugvendingssogo hans
3 Gongir: 9: 3 flg., 22: 6—16; 26: 12—18) hev inkje
um dette; der vert det fortalt um Paulus i Jerusalem like
etter Damaskus-Sogo, og det tvo Gongir: 9: 26 og 22:
17; paa den sist nemnde Staden er det Paulus sjølv som
fortél (i ei Tale).

2 Den Bror til Jesus som het Jakob (Mt 13: 55) var
ikkje med millom Sveinane (Joh. 7: 5; smf. Apg. 1: 14).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0143.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free