- Project Runeberg -  Jesus Messias /
134

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i alt (smf. Apg. 10: 9—16, der Peter endaa
fær Opinberring um Frelse for Heidningar). Men
Paulus er serskilt utvald. Og serskilt utvald
til Heidningapostel (Gal. 1: 16). Visst er det
og, at Heidningapostel vart han.

Det Evangelie han kallar sitt — Evangelie
um „Guds Naade", som hev falli Heidningane
lettare aa skyna enn Jesu Fagnadböd um Guds
Rike, endaa Kyrkja sidan laut stelle noko paa
Paulus-Evangelie med — forkynner han i 14
Aar, fyrr han raadfører seg med dei andre
Apostlane um det. Og jamvel daa maa det ei
„Opinberring" til, fyrr han vinn seg yvi til aa
leggje det fram for deim, d. e. for dei av
Apostlane som „galdt for aa vera noko; kor
store dei var kjem ikkje meg ved", skriv han
(Gal. 2: 2, 6).

Men „Evangelie hans" stod Prøva godt.
„Dei som galdt for aa vera Hovudstolpar,
Jakob og Kefas og Johannes" — dei tvo
namn-gjetnaste er nemnde sist, og serleg er Peter
stukkin vel burt —, dei „saag", fortél han,
„at Evangelie for dei u-umskorne var yvilati
til meg, liksom for dei umskorne til Peter"
(smf. Apg. 10: 1 flg.); og „dei lagde ingin
Ting attaat". Um Paulus hev haldi Serdrage
i „sitt" Evangelium noko sterkt fram den
Gongen nemner han ikkje; men den Tolkingi av
Krossdauden som er Grunnen i Læra hans

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free