- Project Runeberg -  Jesus Messias /
142

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det hadde sona ned Vreiden hans for all Tid,
naar ein herre nytta ut dette Blote paa rette
Maaten. Eit heilt fullkomi Menneskje som
het Kristus, og som dertil var noko meir enn
Menneskje, ein Halvgud eller eitkvart slikt, hadde
av sin eigin frie Vilje lati seg ofre, og det ved
Krossfesting, for Syndine vaare, for alle
Syndine vaare. So sant no me paa rette Maaten
eigna til oss dette Soningsverke hans, døyvde
me Gudsvreiden og fekk Naade i Staden.

Jesu Krav: synda ikkje meir! — skyna
Heidningheimen ikkje. Syndi laut faa Rom;
og ho fekk Rom. Daa Syndi ikkje kunde døy,
laut Lovi døy; og dette var det store
Fagnad-böde som Kyrkja etter Paulus bar fram: ved
Kristus var Lovi avteki, Guds strenge Krav til
oss galdt ikkje lenger. Det galdt berre aa tru.
Og so liva so gudelegt som ein kunde. Synda
ein, so fekk ein gjenom Kyrkja — av den
Kristi Forteneste som ho hadde Raaderetten
yvi — for Anger og ei lempeleg Bot Tilgjeving.

Kristindomen vart ei rimeleg Lære som
alle kunde vera med paa. I Staden for
Fag-nadböde for dei fatige kom Fagnadböde
for Syndarar: ein kunde njote det gode i si
Livstid og endaa sleppe lett gjenom
Skirings-elden i Hades. Og i Staden for aa elske
Næsten kunde ein forfylgje deim som ikkje trudde
rett; det var i Grunnen vel so mykje um-aa-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free