- Project Runeberg -  Jesus Messias /
143

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjera. Men dei som livde eit heilagt Liv, dei
hjelpte til med aa auke den Skatt av Forteneste
som Ky rkja hadde liggjande til aa sone Syndir med.

Vilkaari for Syndarar vart lettare og lettare.
Sistpaa kunde ein beint fram, og det for billeg
Pris, kaupe seg Synd-Tilgjeving. Ja ein kunde
kaupe Tilgjeving for dei Syndine ein enno ikkje
hadde gjort, liksom ein kunde kaupe Naade
for Syndarar som alt var i Skiringselden;
„So-ningi“ var fullkomi.

Protestantane ny-reiste sidan Krave paa
Anger og Tru. Og gode Gjerningar skulde
fylgje Trui, um dei var aldri so gagnlause til aa
vinne Himilrike med. Men Krave um gode
Gjerningar vart paa nytt burt-tolka.

Tingen var den, at gode Gjerningar var
faarlege. Me vilde so gjerne byggje paa deim.
Men byggje paa gode Gjerningar var den beine
Vegen — ikkje til Skiringselden, som i
Prote-stantkyrkja var utsløkt, men til sjølve det
æve-lege Helvite. Me var Syndarar til Botn og
Grunn; me kunde ikkje gjera gode Gjerningar.
jamvel det beste Mannaverk var i Guds Augo
Synd, var som ein „tilsulka Klædebunad".
Det vart daa mest sliks Slag, anten me synda
paa den eine eller den andre Maaten; ja synde
beintfram var vel so godt; for daa var me
trygge mot den største Faaren:
Gjerningshei-lagdom. „Synda djerveleg, berre tru!“ hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free