- Project Runeberg -  Jesus Messias /
144

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ei Tru-Kjempe sagt; og den Kjempa hadde
Rett; um ein synda, men trudde og bad, so
fekk ein Tilgjeving og var so rein som ein aldri
skulde ha synda, og dertil trygg mot all
Gjer-ningsheilagdom. „Synd og Naade“ vart den
sanne Kristindom, og Røvaren i Lukasboki
det rette kristelege Mynster. Ingin kunde gjera
det Jesus hadde sagt; ein fekk daa tru paa det
Paulus hadde sagt. Tanken um aa elske
Næsten kom so burt, at Kyrkja sende den rike
Mannen til Himils med stor Stås, um han
hadde svelt Lasarus aldri so mykje; og Jesu
Ord: ver fullkomne liksom Faderen i Himlom
er fullkomin! — dei klinga reint ut som Spott
no i „Kristi Kyrkje".

So langt hadde den misstydde Paulus hjelpt.
God Hjelp paa ein annan Kant fekk Kyrkja
dertil av den mistydde Johannesboki.

Israels-Tanken um ein einaste Gud
kjen-dest kald og streng for Heidningfolki, daa visst
i det lange Drag. Dei kyrkjelege Heilagmenni,
som tidleg kom i Staden for gamle Halvgudar
og Husgudar, hjelpte vel noko. Men audsleg
vart Verdi endaa i Grunnen.

So hev den uklaare Logos-Tanken i Joh.
1: 1—4 teki til aa lokke. Og smaatt um Senn
hev Jesus vorti umdikta.

Menneskjesonengjekk Kyrkjefolke av Minne;
han er burtkomin alt i Apostelbrevi. Dess meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free