- Project Runeberg -  Jesus Messias /
146

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hev meir og meir vorti funnin “opinberra“ i
Johannesboki.

Messias-Tanken livde hjaa jødekristne og
meir eller mindre umtydd hjaa upplyste
heid-ningkristne. Men den græske og romværske
Mengdi hata Jødane. Og dei kristne i denne
Mengdi hata Jødane mest; var det ikkje dei
som hadde krossfest Herren? Straumen i den
heidningkristne Kyrkja bar burt fraa den
jødekristne; og i Fall dei upplyste i Heidningkyrkja
ikkje var med paa dette, so var der Ord i
Skriftine som kunde vekkje Mistru mot dei
upplyste, naar dei ikkje fylgde Mengdi. Og
slike Ord vinn lett Magt; Forkynnarar som
vil hava Mengdi med seg misbrukar deim
gjerne.

Den gamle apostoliske Kristindomen kom
i Faatal meir og meir; og i fysste Fjordungen
av det fjorde Aarhundrade vart Føraren for
dette Faatale, Arius (Presbyter i den jødekristne
Kyrkja i Aleksandria) klaga for Ranglære. Og
Kyrkjemøte i Nikæa dømde Arius og vedtok
med Røystefleirtal Jesu Guddom Aar 325 e. Kr.

Fraa Timbermannsstogo i Nasaret yvi
Gol-gata til Gudestolen i Himilen, det er det største
Eventyr som er uppkomi i Mannheimen. Og
no hadde dei heidningkristne tvo Gudar.

Noko anna var vunni, um det ikkje vart
nemnt. Naar Jesus var Menneskje og attaat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0156.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free