- Project Runeberg -  Jesus Messias /
147

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gud, so hadde Menneskje i honom naatt sin
høgste Draum; Eden-Draumen var vortin
Sanning. „Liksom Gud", ja heiltupp samanvaksi
med Gud, stod Menneskje no i Jesus fraa
Na-saret. Ingin hev kunna tenkje, eller vaaga aa
tenkje, Tanken ut. Men som ein hugtakande
Draum hev han legi under i det elles utrulege
Nikæa-Verke.

Tenkje sine Tankar ut hev dei i det heile
ikkje fari med i Nikæa. Eit Gud-Menneskje
er utenkjande. Skulde Jesus vera Gud og
Mann maatte han hava baade den Anden som
var „Sonen i Guddomen" (elles var han ikkje
Gud), og dertil heil og sann Menneskje-Ande
(elles var han ikkje Mann); desse tvo endelaust
ulike Andane, den uskapte og den skapte, dei
maatte dertil vera so heilt samanvaksne, at Gud
og Mann i Jesus vart ein „Person"; attaat laut
dei vera so lite samanvaksne, at Jesus i
Guddomen kunde vera berre Gud’; Jesus maatte
vera ein Person og tvo Personar paa ein Gong;
det er slikt dei i Tenkjelæra kaliar
Sjølvmot-segjing.

— Men for Kyrkja var Sjølvmotsegjingar
Smaating; det viste ho ein Gong til: paa
Kyrkje-møte i Konstantinopel eit godt halvt Aarhundrad
seinare.

Heidningkyrkja var daa komi endaa meir
til Magt; og so heldt ho fram med si Gud-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free