- Project Runeberg -  Jesus Messias /
148

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skaping. „Anden" — etter Lukasboki ei Guds
Kraft (24: 49) som jamvel Jesus sjølv vart fyllt
med (4: 1) — kom no i Støypeskeidi. „Guds
Ande" vart sett jämsides Anden Gud; den
„personlege Gud" vart tvo „Personar". Med
den Helvti av Jesus som var Gud fraa Aar
325, vart dermed Guddomspersonane tri; det
heidningkristne Folke hadde tri Gudar. Med
desse, og dertil Heilagmenni, hev det daa sidan
funni at det kunde klara seg.

Men Kyrkja hadde ein Gud som fyrr.
Med klaare Ord slog ho fast, til Trøyst for
seg sjølv og dei jødekristne, at det herre var
„Personane" som var tri; „Gud" var ein som
han hadde vori1. Etter mykje Strid og lange
Forfylgjingar — Refsingar for dei gamaltruande
og Løningar for dei nytruande — vart
Triei-ningi sistpaa aalmenn Kyrkjesanning. Og paa
denne æventyrlege Semja millom Israelstru og
Heidindom hver Kyrkja enno; Luther og Calvin
fekk herre gjort Ende paa den kyrkjelege
Halv-gudheimen.

— Trieiningi vart fraa fyssto uppstudd med
kunstige Bibeltolkingar; her og der var det og
ei Misskriving i Handskriftine som lét seg nytte.

1 Heilt utforma vart Læra i det 6te Aarhundrade;
daa kom den athanaslanske Vedkjenningi (som
Athana-sius ikkje hev laga) upp um „Trieiningi". Dette Orde
(gr. trias, lat. trinitas) er likso ubibelskt som Læra.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free