Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men i det femte Aarhundrade var der i
Nordafrika ein gamaltruande Vandalkonge som
for-fylgde Nytrui liksom dei nytruande forfylgde
Gamletrui. Mot honom fann Bispen Vigilius
paa Raad: han laga eit Bibelord til Studnad
for Trieiningi. Eit Ord av Johannes laga han.
Og Kyrkja, som saart kunde turve eit slikt
Bibelord, ho lempa det inn i eit av
Johannes-brevi so snart ho saag seg rimeleg Raad; og
der stend det enno. Det er 1 Joh. 5:7, Orde
um „dei tri som vitnar i Himilen". Alt i
Luthers Tid visste dei kunnige at Orde var falskt;
Luther strauk det i si Bibelumsetjing og lyste
strenge Ord yvi kvar den som vilde vaage seg
til aa taka det inn att. Men Trieiningi heldt
Luther paa. Og den falske Læra drog det
falske Bibelorde etter seg paa ny tt Lag1. No
vedgjeng sjølve Kyrkjebibelen, at Orde um dei
tri i Himilen „vantar i dei fleste Handskriftir"
(„alle gamle Handskriftir" hadde vori rettare
sagt). Og det finst dei som trur, at Kyrkja i
dette Stykke vil vinne seg upp til Jesu Tru att:
„høyr, Israel, Herren vaar Gud, Herren er
ein!“ —
— Med Læra um Soningi og Læra um
Trieiningi var Kyrkjekristindomin i Grunndragi
ferdig. Og Kyrkja hadde vunni; Verdi hadde
1 Rydberg: „Bib. lära“ S. 12 flg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>