Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kyrkja —, dei vert ikkje brende lenger. Og
her og der tek Folk til aa høyre paa deim.
Sjølve Kyrkja, som med alle sine
Trudoms-stridir og Villferdir hev berga Grunndragi av
Jesuslæra med seg gjenom mange fæle
Trolle-botnar og Skodderike, synest faa meir Syn for
Nasaræaren att etterkvart; ikkje faae
Kyrkje-lærarar er det i seinare Tid som held seg helst
til Jesu Tankar.
Kannhende var det og i Grunnen dette
Kyrkja skulde gjera: forvara Skriftine og tukte
upp Folki, so dei kom so langt at dei kunde
lesa Skriftine, ogskyna Jesus, sjaa, at det aa elske
sin Næste som seg sjølv, det er den sanne
Sjølvkjærleik?
Ser ein ut yvi Verdi no um Dagen, kann
ein finne at ho meir enn nokon Gong fyrr er
eit Satans Rike. Men ser ein betre etter, vil
ein finne Teikn som tyder paa at Satansvelde
hev havt si beste Tid. Kven veit?
Brodertanken kann enno faa Liv; Jesus kann koma
til i Sanning aa stande upp fraa dei daude.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>