- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
20

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som ein av oss, ja er Tenaren aat Brørane
sine. Naar Bruun vil kalle Jesus ein
„overtroisk Sværmer" av di han trur seg Messias,
men ikkje held seg for Gud, — so kann Bruun
mill. a. ikkje hava lagt Merke til Ord som Mt.
20: 26 flg. med Tilvisningar, eller til Mt. 11: 29.

Det er i det heile forunderlegt, kor den
evangeliske Jesus er komin burt jamvel for
dei beste Kyrkjefolk. Peter Hognestad
sagde i ei Umtale av Boki mi, at det berre
er ein „halv Jesus" som der er førd fram;
det høyrdest meg den Gongen rart. No skynar
eg, at jamvel „ein halv Jesus" er for sterkt sagt.

Den bibelske Jesus er etter Kyrkjetrui
ikkje so mykje som „ein halv Jesus"; den
Kristus, Kyrkja hev bygt seg, er ei Trieining:
den evangeliske Messias -f- den paulinske
Sonaren + den heidning-kyrkjelege Gud. Men
dei tvo siste —- Naturane eller kva ein skal
kalle det, hev døyvt Messiasnaturen so ned,
at han no helst vert burtgløymd. Faae av
mine teologiske Domarar hev lagt Merke til
Hovudstykke i Boki mi: Jesu Forkynning (S.
44—72); dei kjem helst innpaa Paulus og
Kyrkjelæra, og gløymer Jesus1.

1 Daa Jesus er „2dre Person i Trieiningi", kjem
etter dette Formelen for Trieiningi til aa sjaa soleis ut:
1 + (1 + 1 + 1) + 1 = 1.

Men daa det berre er Guddomen Jesus som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free