- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
25

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa nytt Lag, og spyrr: korleis var det i
Grunnen du meinte det du sagde, Meistar?

Jesus svarar, rolegt som fyrr: Du skal

gjera Guds Vilje. Det Live du hev fengi skal
du nytte soleis som Gud, den høgste Livslovi,
byd. Daa er du i Guds Rike alt her paa
Jordi; Gudsrike er innantil i deg (Lk. 17:
20, 21).

So talar Jesus. Ein segjer kannhende endaa
ein Gong med seg sjølv: so djup som dei
Skriftkloke er Meistaren ikkje. Men hev ein
tenkt seg um eit Bil, so kjem ein til aa minnast
Skaldeorde um den Visdomen „som et Barn
kan forstaa, men ei de Vise udgrunde"; og
ein fær ein Mistanke um, at den som talar um
dei høgste Ting so at jamvel eit Barn kann
finne Meining i det, — han er vel sistpaa
djupare enn jamvel dei som talar so „djupt" at
dei ikkje skynar seg sjølve.

— Ein kristin i nytestamentleg Meining,
d. e. ein Messiasfylgjar, ein Jesus-Svein, er daa
den, som i heilt Aalvor arbeider med aa „haide
Bodi“. Med dette vil det i Fyrstningi ikkje
gange noko rart. Men etterkvart gjeng det
betre; det er som det er komi ein ny Vilje i
deg: din sanne menneskjelege Vilje samlar seg
og vinn fram, med veksande Kraft og med
veksande Glede. Og den Uhyggja som fyrr
laag yvi baade Live og Dauden, den kjem meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free