- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
27

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men liksom me skal elske Næsten som me
elskar oss sjølve, so skal me og elske oss sjølve
som me elskar Næsten. Næstekjærleike, men
ikkje Sjølv-Uppgjeving kravde Jesus; han var
ein Livslærar og ikkje ein Drøymar.

I ei Tid som denne, daa Mammon heilt hev
vorti Gud, ikkje berre i den vanlege Verdi,
men og i den „Kyrkja" som denne Verdi hev
laga seg, vil du kjenne deg drivin til aa vise
din Kristindom i Gjerning i Aalmennlive med.
Du vil der som elles gjera det du kann til
Hjelp for dei Brørane som lid Urett og Naud; du
vert soleis ein av dei trugne og aldri trotnande
Hér-mennane i den Striden mot Mammons-Velde
som kjem up i Rikslive meir og meir, — ein
Strid som Kyrkja krossfester so godt ho kann
med Ordnaglar som „radikal", „ukristeleg",
o. s. fr., paa Lag liksom Tempelprestane fekk
Jesus hengd upp paa ein meir handfast Kross
utanfor Jorsal.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free