- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
31

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

verke Guds Lov, ved avgrensande
(innkni-pande) Tolkingar o. s. fr.

Dette er katolsk Kyrkjetru; Paven krev ho
og hev gjort ho til Sælevilkaar. 1 eit
Bann-lysingsbrev yvi Dronning Elisabet segjer Pave
Pius VI, at Gud „yvigav ei heilag katolsk og
apostolisk Kyrkje — og utanfor den er
ikkje Frelse — til ein einaste paa Jordi, til
Peter, Apostelfyrsten, og til Peter-Fylgjaren,
Bispen i Rom, med Styringsfullmagt. Honom
aaleine gjorde han til Fyrste yvi alle Folk."

Pave Nikolaus I segjer beint ut, at Paven
ikkje kann verte dømd av Menneskje, „av di
han er Gud". Etter Pave Innoncents III
sit Paven „paa den sanne Guds Stad"; Ord
som „vaar Herre Gud" er beint ut bruka um
Paven i Ordtydingane til Kyrkjelovi. Tvo
kjende gamle Kyrkjelærarar segjer at Paven kann
gjera „mest alt som Gud kann gjera"; men
ein som skreiv seinare (Decius) strauk dette
„mest": Paven kann gjera alt som Gud kann

gjera. Ein annan Kyrkjeherre segjer: Paven

hev Forsæte i Verdi i Kristi Stad; ingin kann
neite honom Lydnad meir enn ein kann nefte
Gud Lydnad. Den engelske Kardinal Manning
(*{* 1892) forkynner, at Paven er „den øvste
Domar og Styrar yvi Samvite aat Menneskjom",
og „den einaste, siste, øvste Domaren yvi Rett

3 — Garborg: Den burtkomne Messias.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free