- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
35

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Liksom Pilatus i Evangelie og Feliks og Festus
i Apostelgjerningar freista dei romværske
Hovdingane for det meste aa stogge Prestehate
mot Jesus-Sveinane hjaa Jødar og Heidningar.
Av Keisarane var det Nero og sume andre
som dreiv med Forfylgjingar, helst i den Tidi
daa det gamle Rom tok til aa ræddast for
Dauden; men desse Forfylgjingane varde
sjeldan lengi, um elles den under Diokletian var
drjug nok (10 Aar).

Daa Keisarane vart „kristne", vart det paa
ein Maate verre. Det gav verdsleg Vinning aa
kalle seg kristin, og „Kyrkja" vart full av
Skrymtarar; sanne Jesus-Sveinar vart heller
trengde undan. Men full-gali vart det ikkje
fyrr Pavedøme kom til Magti.

Daa tok det til med full Trudomstvang:
Løn for dei kyrkjelege og Nedkvæving og
Undantrengjing. av alt som var att av
Heidin-dom eller av den gamle Messiastru.
Skrifte-maale vart her serleg ut-nytta. Gjenom det
fekk Kyrkja Greide paa Tankar og Synsmaatar
hjaa alt Folk, og nytta denne Kunnskapen ut
til aa draga sine eigne fram og skuve undan
deim ho mindre kunde tru paa. Men ved dette
kom ho uviljande til aa gjera sumt godt au.
At sann Kristindom laut lide i Verdi, det
hjelpte daa som fyrr til aa halde sann
Kristindom uppe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free