- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
39

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men det fælaste av alt er Trudoms-Retten,
„Inkvisitionen", som kom upp i 1204.

Aa gjeva ein Tanke um det Helvite som
med den vart kveikt yvi den „kristne" Verdi,
det læt seg ikkje gjera paa eit Ark eller tvo.
Men eitt og anna kann eg nemne.

Den minste Mistanken um „Vantru" var
nok til at kven som helst, utan Varsel og utan
Forsvar, ja utan so mykje som vanlegt rettslegt
Klagemaal, vart innestengd i fæle Fangehol, og
det paa reint uviss Tid, til dess den heilage
Retten fekk Stundir eller fann for godt aa
„forhøyre" ’n. Sjølve Forhøyri var løynlege,
og Pinebenken den visse Forhøyraren, so sant
Syndaren ikkje strakst lét seg skræme til aa
segja det „Retten" vilde høyre. Det som er
fortalt um desse Pinslune vilde me aldri kunna
tru, um ikkje mange av Pinsleveldi og -Vaapni
var aa sjaa baade her og der i europæiske
Samlingar; sume av deim hev eg sjølv set, og
det kulsar i meg berre eg hugsar deim.

All Helvit Pinsle som ut læt seg tenkje
vart utnytta her i Jesu Namn: Kvæving,

Flaaing, Brenning, Ihel-Boring, Ihel-Svelting
o. s. fr.; smelta Bly vart hellt i Halsen, eller i
Øyro paa Folk; Hjul vart tilskipa med
Knivsblad, som smaahakka Syndaren sund; paa dei
Stadine av Kroppen som töler minst vart han
brend og knipin med gloraude Jønnstengar og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free