- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
40

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Knipetengar; Augo vart klembde ut paa Folk,
og Neglar utdregne med Jønn som glødde;
sume vart bundne med Tog som vart dregne
gjenom uppskörne Hol i Hæl-senane; eller
dei vart drivne til aa hoppe ut- fraa Høgdir
og ned paa Lausgolv med lange kvesste
Spikar-Oddar upp-igjenom; der laut dei liggje til dei
var ihelslitne av Verk og Senedraatt. Sumt
er slikt at eg orkar beintfram ikkje fortelja det.

Ei av dei utrulegaste Pinsle-Gognine er
skildra i eit franskt Soguverk um
Napoleon-Hérferdi til Spania:

I ei Kraa i ein Kjellarkvelv attum
Forhøyrs-salen stod eit stort Bilætverk av Tre; det
skulde vera Jomfru Maria. Um Hovude hadde
det ein Straalekrans og i den høgre Handi ei
Fane. Um Aksline hekk ei vid Silkekaape;
men under den hadde Bilætstodo noko som
ei Brynju; daa dei saag etter viste det seg, at
Framsida av Bilæte var fullsett med kvasse
Saumar og smaae smale Knivsblad med Oddane
ut. Bilæte hadde Armar med Lédir, og eit
Gognverk attum ein Halvvegg sette Armane i
Rørsle; ein av „Retts“-Tenarane vart tvinga til
aa setja Verke i Gang; Bilæte rette daa ut
Armane, liksom det vilde draga einkvar inn-til
seg. Ein fullstappa Hérmanns-Ryggsekk som
dei lét det faa, drog det daa aat seg fastare og
fastare. Sistpaa viste det seg, at Sekken hekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free