- Project Runeberg -  Den burtkomne Messias /
41

(1907) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fast paa dei kvasse Oddane; daa dei fekk ’n
laus og saag etter, var han all igjenom
upp-hakka med Smaahol; kvart Hol var ei 2—3
Tomar djupt.

Um sjølve Fangehuse fortel Boki:

Daa det vart opna, syntest ei lang Rad med
myrke Hölur som det stod liksom Liktev or;
og noko som Skrymt kraup fram or desse Holi.
Busteskjegg ned-yvi Bringa og Neglir som
Fuglekløar skjemde desse Beinrangli, som no
med hivande Barm saug frisk Luft for fysste
Gongen paa lange Tidir. Mange av deim var
Kryplingar vortne, med Hovudi frambøygde
og Armar og Hendar stivt hangande; dei hadde
vori innestengde i Hol so laage at dei ikkje
hadde kunna stande rett. Mange døydde same
Dagen. Generalen og fleire av Hér-Raadane
gjekk seinare inn i dette Fangehuse; dei saag
her Pinsle-Reidskap so stygg-fæle, at
jamvel desse Mennane som var vane med
Vig-vollar og all Styggedomen der, dei kulsa av
Rædsle. — Og dette var endaa so seint som
i Napoleon-Tidi.

Trudomsretten dreiv det so vidt, at stundom
naar ein Arming var pint til dess han ikkje tolde
meir, lét dei ein Lækjar stelle ’n til Rettes att
paa ei Vis, og gav seg so til aa pine ’n paa
nytt Lag. Pinsla vart serskilt nytta til aa tvinge
Syndaren til aa nemne fleire ,,Rangtruande“

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:42:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gamessias/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free