- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
266

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


— Skriv til Tollaren, Mor. Vil han hava den Filla
som er att av meg no, so skal han faa ho; men ho
kostar ei Italiaferd.

Ho Mor vart som fortulla. Ho var aat aa renne til
Byen i Laddar; ho hadde so nær gløymt Hanskane
... Eg skal no inn i Byen likevel, stota ho; kaupe
noko godt til Middags aat Krulltoppen min; og so kunde
eg kanskje raaka honom med same . . .

— Det gjer du visst, Mor. Adjø. —

–Fanny seig attende i Stolen og lét att Augo.

Ein kann hoppe ut fra Dampskipe, mulla ho.

Med ein Gong treiv ho den gamle Spegilen. Aa jau;
no saag ho ut! „Nu falder Løvet, nu kan Verden faa
mig." Plent som det skulde vera: gul . . . Kva i
Guds Namn var det? Eit Strik? — eit lite fint, kvast
Strik, ein Tanke til eit Strik . . . fraa Nasevengen
ned-yvi til Munnviki ... Aa langtifraa. Jau! Jau!
Ved Gud! — Det var der; og det Strike var nok ikkje
til aa taka i Miss av.

— Der hadde Krulltoppen si fyrste Rukke.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jan 15 14:07:57 2017 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0272.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free