- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred. Læraren. Den burtkomne Faderen. Heimkomin Son /
490

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

heimlause Tidine er yvistridde for deg no; huglege
Dagar vert det her-etter paa Hove.

Inn-imillom tenkte eg paa det Heimkome-Øle me
skal drikke paa Øvre Haatun um eit Bil. Daa vil eg
au vera heime. Heime! forunderlege Ord. So
hugsamt ; so fredsælt; so trygt.

Ja. Orde klingar trygt. Men det er berre eit Ord.
Og det er den Tanken som stundom gneg i meg no, liksom
Tvilen um hi Verdi fyrr : den gamle Heimetrygdi er burte.

Eg kann leige eller byggje meg Hus; det vert sliks
Slag mest. Det er kje som fyrr, at min Gard er mitt
Rike eller mitt Hus mi Borg; Trygdi ligg i
Pengepungen. So lengi eg greider Husleiga, eller um det heiter
Rentur og Skatt, so lengi sit eg trygg; men vert eg
ufør, eller Kona sjuk, eller anna vondt støyter til, so
at Skillingen tryt, so vert eg hivd ut, um eg hev Brev
paa baade Huse og Garden. Og so er det um eg kann
faa Hjelp . . .

Heimen hev vorti ein Draum, som so mykje anna.
Me bygde han um; sette upp nye Hus paa ein ny
Grunn ; men det viser seg, at denne nye Grunnen er
utrygg. No gjeld det vel aa finne att den gamle Tufti,
som Paal og Jens drøymer um. Men det vil taka Tid.

— Eg dreiv Tankane fraa meg. Me fær greide oss
som me kann. Me er sterke og friske baade Ingeborg
og eg; me tarv ikkje syte for del fyrste; og dette med
Trygdi . . . kannhende skal me hava det utrygt eit Bli,
so me lærer aa vera modige, og lærer aa bruka Tanke
og Kraft; sidan fær me att Heimen au, skal me sjaa.

Aldri syte! som Paal segjer. Me er sterkare og
seigare enn me veit; og me hev godt av aa røyne oss
ut; det som krevst er Manns Mod og Barne Tru; rangt
vil med Tidi rette seg.

Glad skal eg vera. Snart hev eg Heim; og
Arbeidshug og Sparevit er meir verdt enn Pengar i Banken.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jan 15 14:55:18 2017 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gaskriftir/4-1909/0502.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free