- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
376

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Eit stort Tolmod fekk Magt i meg.
Og eg smiler no,
naar eg ser all denne unge Hast
med aa snu Verdi.

Det er ikkje greidt for dei unge;

dei hev so langt fram;

og der er so mykje Tull

dei skal igjenom.

Naar dei kjem og talar um Live,

og vil lære meg kva Live er,

daa maa eg læ;

og eg blunkar til mine Jamaldringar

og segjer: desse unge, stakkar,

kva veit dei um Live som ikkje hev livt det?

Men djupast i mitt Hjarta ynskjer eg:
gjev dei hadde Ungdom nok.
For med vaar Ungdom er det
at me skal kaupe Visdom.


<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Jan 15 15:39:16 2017 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0384.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free