- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
392

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

392

BREV UM FINNEFERDI 1905

I Boris Gleb held ein Pope Messe for Finnen naar
det feil seg so. Og ikkje minst messer han for
Turistane, som legg etter seg ein Skilling baade i Kapelle
og i Popegarden, der dei fær russisk Te. For oss
heldt Popen tvo Messur, daa me var so mange og kom
i fleire Sendingar. Kva Maal han messa paa kunde
ikkje eg greide; det einaste eg veit er at det ikkje var
det eg meinte det skulde vera: greskt. Uskynande var
det i alle Tilfelle; men etter gamalt skal Kyrkjemaale
helst vera det. Daa trur Folke so mykje tryggare.

Paa Attvegen var me inn-um i den storfagre
Lyngenfjord; der saag me Finnar med ei Reinsdrift. Denne
Drifti var ikkje stor, og Reinane var helst skrale; Hulda
og eg hev sétt mykje gildare Reindiftir ved Savalen.
Desse Finnane her liver vel mest av Smaahandel;
Turistane plar kaupe ymist smaatt Hornarbeid og
Skinnarbeid av deim til "Minne fraa Finnmarki" ; det gjorde
daa me au. Dei sjølve bur i Jord-Gammur; dei er
smaae som all Finn; og dei var ikkje nyvaska. Tala
med deim var raadlaust; norskt kunde dei ikkje, og av
„Kulturmaale" hadde dei berre lært nokre Talord, og
so „Krone" og „Øre" og dilikt.

Sistpaa var me inn-um i Narvik. Derifraa gjorde
me ei Ferd med den nye Jønnvegen til Rigsgrænsen;
— Banegarden heiter so.

Narvik hev store Byggverk og Vegverk til Framdrift
og Utførsle av Malm fraa dei store Jønnverki i svensk
Lappland. Sermerkeleg er Bana som gjenom Berg og
yvi Dal — paa Norskesida daa visst — fører Malm
fraa dei svenske Verki til denne Hamnen her i Norig.
Tie lange Holgangar (Tunnelar) talde eg der; Lengdi
paa deim er fraa 115 til 590 Meter. Og so er der
Skjeringar og Bruir, store og mindre, og svære, stygge,
yvibygde Stup; det er so ein fæler naar ein rullar av
Stad i makiege Vognir her gjenom villaste
Trolle-botnen.

Men ein kjenner med seg, at av alle Troll er Mannen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0400.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free