- Project Runeberg -  Symra : Den blomen du elska /
11

(1934) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I skiringselden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I SKIRINGSELDEN

I skiringselden var mi sjel,

alle uppgangs-vegar stengde;

brauti bratti bar mot hel,

som jaga dyr var tankann’ sprengde.

Kvar timen hogg meg nye sår;

dagen var som tusund år!

Inni skodde-bleike draum

eg såg meg sjølv med straumen drive,

på den steingrå urtids-flaum;

sjel og hjarta flengd og rive,

med’ gneistar frå ei verd i brann,

inni skodde-myrkre rann.

Syner kjem og burt i dimma svanar
blad for blad av livsens bok eg riv,
og attum alle skyir sit ein gud og man
ei verd av gåtor som imot meg driv.
Men som elden under oska gla’r,
ei ævesol bak alle gåtor blø’r.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 06:52:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hgsymra/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free