- Project Runeberg -  Symra : Den blomen du elska /
14

(1934) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I skiringselden

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tanken frosen var og auga blindt!
Men likevel eg såg som på eit panorama
drama etter drama.

— No var det hesten i ein bakke-kneik
piska fram i førefallet,

drukne slusken slog og skreik
med banningsordi rå og kalde !
Dyret stunde i si naud,
blode farga svipa raud;
men ingen gud i nåde såg
til dyret som i daude-redsla låg!

— Då skaut av jordi upp ein blom
med bittersøte ange;

i gyllte bikar, perlekransa,

vengjelette alvar dansa.

Og kjærleiksmildt ei heilag hand

rørde hjartesåri,

løyste mine lidings-band

og varsamt vart eg bori

mot ei sæl og sylvblå strand

i so kjend og kjært eit land,

landet som var hamen min

der løynde skaparhand meg eingong sette inn.

Ein solbris angen til meg bar
av reinfang og syrin,
god-dåm ifrå vigde kar
og godmors urteskrin.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 06:52:09 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/hgsymra/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free