- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
9

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

9

«då vart det endå mindre von; då vilde folk skrika upp um
mål-propaganda; det kan dei ikkje når Anker vert skoten
for glugg.» No vel! so kunde eg verta standande på
søkjar-lista. Alt til siste dagen vona eg Mannsåker skulde
verta utnemnd. Eg tala hans sak hjå fleire av riksstyret.

Men det var Guds styre det gjekk som det gjekk.

Mannsåker såg det, og sa det: «Det gjekk som det
skulde! Hadde eg fenge Ullensvang soknekall, vilde eg
attåt høgskulearbeidet fenge so hard røyning, at eg hadde
bukka under.»

*



For meg var det og ei god løysing.

«Eg kan kje tenkja meg ei betre alders kvild for
utslitne målprestar,» skreiv Anders Hovden um Ullensvang.

«Her er ingen målstrid!» sa kona mi. Ho gledde seg
storleg; ho hadde vore i heisen meir enn ein gong med
målhat og vanvyrdnad for mi skuld.

Ja her kunde me å segja leggja dei våpni ned.

Her var sakte undantak.

Den høgtidlege gamle lensmannen Johannes Larsson
Aga var eit undantak.

Eg hadde høyrt gjete han. Då han fekk påminning
frå sorenskrivaren «å senda inn lista yver avlidne i Dykkar
umbod i siste fjordungår», svara han: «Omskrevne dykker
hører ikke hjemme her i fjorden.»

Fyrste gong eg råka han, bad eg han vitja meg på
prestegarden. «Nei takk! jeg har forretninger på den
anden side av fjorden.» Til spott uttala han dei daude
d-ane.

Eg gjorde høgtidleg visitt til han på Hovland, og ynskte
han til lukka med borgardåds-medalja. Han gjorde aldri
kontra-visitt, endå han fleire vender var på tunet med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free