- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
12

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

II

ven. Ein merkeleg sørfjording var han: open og
fram-talande, med sprakande humør, og radikale tiltak. Presten
som vigde han, sa til meg: eg hev aldri set so strålande ein
brudgom. Nei Oddmund Børve løynde aldri kjenslene
sine. Millom tiltaki hans må nemnast at han gav ut og
prenta sjølv fyrste lokalbladet i Hardanger, det som no
hei-ter «Hordaland Folkeblad». Han hadde vore handelsmann
nord i Finnmark. Han hadde vore på heims-sjået i Paris.
Han hadde fylgt til gravi ein ung dansk adelsmann som
døydde i heimen hans. Det var til den gravferdi Johan
Svendsen laga sitt namngjetne «Andante funébre».
Kongeleg konfessionarius Paulli tala ved kista i kyrkja i
Kjøbenhavn og nemnde der Oddmund Børve med namn.
Morosamt var det då Oddmund sat i lag med dei fine
skyldfolki. Han tykte dei var noko store på det, han fekk
hug til å dukka dei: «Eg ættast frå dei gamle danske
kongane eg! skulde kongehuset i Danmark døy ut, kan
det henda eg melder meg som krun-pretendent.» Dei
glodde, og han moroa seg.

Ein annan gamal børving helsa meg då me råkast:
du er velkomen. «Segjer du du til presten?» spurde ein.
«Ja, er han ikkje målmann ?» svara han. Det var Birge nedre

Børve, han vart ög min trugne ven.

#

I det heile fekk eg straks kjenning av at eg var komen
til folk som stod jamhøgt med kven som helst av
kultur-menneske. Eg kunde snakka med dei um alle emne, um
alt som låg meg på hjarta. Sers kjem eg i hug at eg
for-talde frå eit prestemøte der me prestar hadde dryft
upp-havet til det vonde, og dei ymse teoriar um det. Jau
folk fylgde godt med i tankegangen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free