- Project Runeberg -  Prest og prost i Hardanger. Minne frå tri og tjuge år /
14

(1945) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Prestetradisjonen i Ullensvang

Ikring 1914 levde endå i Ullensvang folk som le vande
mintest prosten Niels Hertzberg.

Sonesonen Mikael Hertzberg Jundrast: tenk at
bestefars minne enno lever i tridje generasjon.

Ja han var det vel verd gamle prosten. Han hadde sett
djupe merke etter seg. Sjølv hadde han levt seg inn i
sed og skikk og tankegang hjå sørfjordingane. Han hadde
lært å vyrda sokneborni. Brå kunde han vera. Men han
kunde etterpå be um orsaking. Ein gong i
Kinsarvik-kyrkja hadde han kome i ulag då han «yverhøyrde»
ungdomen. Næste messa tok han til soleis frå preikestolen:
«Bort, vrede, skjellsord, dårlig harm! I bør ei huses i
min barm! Hvordan var det jeg talte til min kjære
menighet sist. Gud tilgi mig!»

Han freista jamvel tala bygdemålet frå preikestolen
ein gong. Men folk bad han lata det vera.

Dei kunde kritisera han. Då han vart eldre og tok seg
kapellanar, fekk han røyna at nye kostar sopar best.

Ei gamal kona fortalde meg at dei laut upp kl. 3 um
morgonen inne i fjorden når dei skulde nå fram til
kyrkje-tid. Når dei so såg gamle-prosten på stolen, sukka dei;
då fekk dei ikkje mykje att! men var det kapellanen, so
visste dei det vart solid kost dei fekk.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Dec 20 19:54:17 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ihardanger/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free